![]() |
Utsendingane frå Ulstein Arbeidarparti er godt nøgde med utteljinga dei fekk for framlegga sine på årsmøtet til Møre og Romsdal Arbeidarparti, som vart avvikla i Molde i helga.
I Ulstein Ap er vi uroa over situasjonen i NAV. Kutta i NAV i år på 162 millionar, har ført til ein del uro både administrativt og politisk på Søre Sunnmøre, og vi frykter at kutta skal få uheldige konsekvensar både for brukarane og dei tilsette.
På årsmøtet til Ulstein Arbeidarparti tok Ottar Kaldhol attval som leiar for to nye år.